Arrangør
Me treng ca 100 funksjonærer. Eigarlaga i Voss Ski og Tursenter vert kontakta for å førebu rekrutteringa av funksjonærar. Me lovar ubetalt men sosialt og kjekt arbeid i lag med positive folk.
Frivillige må vere med på noko forarbeid, eitt testrenn laurdag 5. september i tillegg NM helga.
Arbeidsoppgavane vil vere mellom anna:
-Arena – ca 10 stk rigg og drift av arenaen inkl start og målteneste
-Løyper ca 8 stk – tilrettelegging av løyper, skilting, preparering m.m
-Standplass ca 30 stk (punching av skyteresultater)
-Tidtaking, PC røynd med eit klart hovud:) – ca 6 stk
-Info: Speaker/Web TV produksjon – PC/taletrengt/DJ/premieutdeling/webside/Sosiale media/Foto ca 10 stk
-Teknisk – nevenyttig – teknisk ca 5 stk
-Kiosk og bevertning ca 10 stk
-Rennkontor – ca 5 stk
-Parkering – ca 10 stk